Nye grep i kampen mot elbileigarar

Eit nytt skilt utanfor bensinstasjonen i Krykkjebakksundet har fått mange til å klø seg i hovudet.

Krykkjebakkposten har freista å finne fasiten. Kjøpmann Oldus Kneiken, som også er eigar av bensinstasjonen, gjekk nyleg med på å setje opp eit ladepunkt for elbilar.

– Det har vore ein voldsom pågang, og det er ­stadig vekk parkerte bilar som legg beslag på ladepunktet, seier Oldus Kneiken irritert. – Det er få som kan måla seg med elbileigarar når det gjeld å vere frimodige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men er det feilparkerte bilar som vil bli taua bort, eller er det personen som eig bilen?

– Me er førebudd på både den eine og den andre situasjonen, konkluderer Kneiken.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook