Ny sokneprest kan løysa den fastlåste teologiske situasjonen i kyrkja

Krykkjebakkens nye sokneprest Milfred 1.0. har imponert og er no invitert som gjesteforelesar ved Teologisk Fakultet. Med liberal/konservativ fasebrytar og augnebryn-detektor kan denne nyvinninga løyse mange av kyrkja sine utfordringar.

Krykkjebakkposten har ogsåen egen Facebook-side.

--------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vakte nyleg oppstuss då roboten Milfred var på radio og leverte ei andakt til NRK sine lyttarar.

I Krykkjebakken har ein prototype allereie vore tilsett som vikar for soknepresten ei stund. No får Milfred 1.0. fast tilsetjing som sokneprest i Krykkjebakksundet kyrkje.

– Godleik og klem overalt, seier den nye soknepresten i ein kommentar.

Stor variasjon

Oppfinnaren bak Milfred seier at han har hatt det teologiske mangfaldet i Noreg i tankane under utviklingen av den rundt 40 centimeter høge roboten. Det var også grunnen til at han valde Krykkjebakksundet kyrkje for å prøve roboten ut.

– Dette soknet er kjent for eit andeleg liv med stor variasjon. Alt frå liberale avantgarde-teologar som grensar til performance-kunst til stokk konservative gubbar har fått fritt spelerom i lokalt kyrkjeliv så vel som i lokalavisa, seier IT-grundar og oppfinnar Ronny Sjarif.

Han peikar og forklarar.

– Her har du ein knapp som kan regulera kor Milfred skal opphalde seg på den teologiske skalaen. Skrur du her blir den fullstendig liberal, mens denne enden av skalaen vil kunne gli inn på kva som helst bedehusmøte.

Kjenslevart

Den norske kyrkja har lenge hatt ei utfordring med å finne den rette kombinasjonen av liberale og konservative på lokalt plan. Sjarif meiner at Milfred kan være svaret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Har du ein kyrkjelyd der ein treng å være konservativ så kan Milfred ta seg av det. Skulle ein slumpe til å ha overvekt av liberale i kyrkja ein dag, vil sensorar kunne merke dette og tilpasse seg automatisk om ein velgjer å sette Milfred i automodus.

– Korleis fungerer det?

– Eg kan ikkje seie alt, men det har med kor ein syng med i salmar og kor ein nikkar underveis i preika. Om Milfred kjenner at kyrkjelyden responderer på teologisk nyvinning og liberale krumspring så vil den tilpasse seg til dette. Augnebryn-detektoren er også viktig, og forhindrar at konservative kjenner seg støtt. Om den slår ut på heva augnebryn vil Milfred automatisk koble inn ­lov-og-evangelium-matrisen.

Problem med forvalting

Manglande finmotorikk har skapt problem underveis i gudstenesta. Primvald Krykkjebakk d.y. måtte gjennom eit kirurgisk inngrep for å få gebisset ut av munnen etter at Milfred skulle putte nattverdsoblaten inn i munnen på den aldrande krykkjebakkingen. Soknerådet har også behandla fleire erstatningskrav etter søl med vin.

– Dette arbeider vi med. Foreløpig har vi ikkje våga oss frampå med dåp, seier Sjarif som svettar litt i panna når han snakkar om akkurat dette.

Slik fungerer det

Så er tida komen for ein test. I redaksjonslokala var redaktør Tarald Stangballe, redaksjonssekretær Love P. Shadow og eit par journalistar og frilansarar til stades då Milfred vart sett til å halde ei prøvepreik. På eit tidspunkt kom dessutan tidlegare bedehushøvding og forlagsmann Framstein Famlebust innom med eit lesarinnlegg om årvekene i Daniels bok og kva dei har å seie for bruken av bedehuset til samfunnslokale.

«Mykje kjærleik, mykje håp og litt tru. Mykje lys og mykje varme. Ein skal ikkje plage andre, og heller ikkje seg sjølv. Om ein må plage nokon kan ein plage dei som har det betre enn oss, økonomisk. Det er lov å være snill, men ikkje kjenn det som ein byrde.» byrjar Milfred, før det blinkar på augnebryn-detektoren og alle i lokalet forstår at Famlebust har kome inn.

«Du skal ikkje tru at du er noko særleg, men om du trur det kan det være eit bra utgangspunkt for å forstå kor feil du tek.» Det er alt Milfred rekk å sei før Sjarif slår den av med eit smil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Preikelære

Årsaka til at Milfred 1.0. no er invitert til Teologisk fakultet er at ein der har hatt problem med studentar som vert støtt av enkelte forelesarar som ikkje er oppdatert på kjenslene til teologiske studentar. Fleire psykolog-besøk måtte til etter at ein forelesar i fjor tok med Bibelen på forelesning, sjølv om ho også hadde med seg Koranen.

– Teologisk fakultet får i Milfred 1.0. ein forelesar som kan tilpasse teologien fullstendig til kva studentane til ei kvar tid synest er i orden, seier Sjarif.