Kyrkjekrise: Ein blir pensjonist og den andre «spirituell prest»

Kapellanen forlet kyrkja og satsar på kombinasjonen av Israel-hat og kontakt med døde fuglar.

Krykkjebakksundet står snart utan prest. Det er klårt etter at sokneprest Theobald W. Glad søndag gjorde det klart at han 1. april blir pensjonist. Kunngjeringa fell i tid saman med at deltidskapellan Frida Finckeldrejer forlet Den norske kyrkja for å bli såkalla «spirituell prest».

Ingen av nyhenda kjem som noko bombe på det aktive kyrkjefolket. Det har lenge vore kjent at soknepresten fyller 67 år i år, og kapellanen har i fleire år hatt ei utvikling som peikar mot ei framtid eit godt stykke utanfor dei kvitmåla kyrkjeveggane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kyrkja sine svar er ikkje lenger mine svar, seier Finckeldrejer til Krykkjebakkposten.

Papegøye tok kontakt

Utviklinga mot «ei meir spirituell røyndomsforståring» starta for fleire år sidan, men skaut fart då ho i fjor fekk kontakt med papegøyen sin, som døydde for 13 år sidan. Noko av dette kom fram i ei stutt nyhendemelding i Krykkjebakkposten i fjor sommar, men i dag fortel ho meir detaljert om det som hende.

– Eg hadde lagt meg og koste meg med ei Israel-kritisk bok då eg høyde ei stemme gjennom veggen. Sjølv etter 13 år var eg ikkje i tvil om kven si stemme det var.

– Du hevdar i fullt alvor at ein papegøye, som døydde i 2004, tok kontakt med deg på soverommet?

– Eg er ikkje ein augneblink i tvil. Og overtydinga vart endå sterkare då eg skjøna kva ho ville formidla til meg.

– Ho ville kanskje ønskja deg ei god natt?

– Å, langt ifrå! Det var sterkare saker enn som så. Nei, ho ropte med høg røyst og fire-fem gonger: «Boikott Israel! Boikott Israel!», fortel den tidlegare leiaren i Krykkjebakksundet Palestinakomite.

Som kjend trekte ho seg frå vervet då ho for to år sidan kanskje fekk i seg ein dråpe frå ein Jaffa-appelsin.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Du trur ikkje at det var nokon som tulla med deg. Mannen din, til dømes?

– Du meiner eks-mannen min? Han har eg ikkje sett på 14 år. Vi skilte lag på grunn av ulike syn på konflikten i Midtausten. For meg som Hamas-sympatisør vart eg drittlei av av Arafat-sympatiane hans.

– Ein sterk lengt

Kapellan Finckeldrjer fortel at ho neste veke går til formell etablering av Krykkjebakksundet Spiritiualistiske Palestinakomite, som i første omgang tilbyr samlingar med «ein unik kombinasjon av åndelege opplevingar og engasjement for rettferd og fred».

Kontakt med avdøde dyr «som stadfester foreninga sitt syn på Israel» og foredrag om Midtausten-konflikten vil stå sentralt på samlingane.

– Eg trur det er ein sterk lengt i folket etter å boikotta Israel og etter å få kontakt med døde dyr som stadfester trangen til boikott, seier ho.

Tek det med ro

Mange hadde trudd - og frykta - at Finckeldrejer ville rykka opp til sokneprest den dagen Theobald W. Glad blei pensjonist. Finckedrejer er kjend som noko liberal. Mellom anna nektar ho å via heterofile par.

Dei fremste kritikarane hennar trekkjer difor eit lettelsens sukk når ho vel å forlata kyrkja.

– Eg ser ikkje heilt for meg kva marknad det er for kombinasjonen av Israel-hat og kontakt med døde dyr. Så dette er eg egentlig ikkje så redd for, humrar tidlegare bedhushøvding og Israel-ven Framstein Famlebust.