Kundar med mopedhjelm blir nekta adgang

Dei to første dagane gjekk det fint. Men den tredje dagen var det slutt på idyllen i den nye herrefrisørsalongen.

Gloria Priscilla Skuggebergdal (40) opna måndag frisørsalong i det nedlagte posthuset, og mannfolk frå både sundet og dalen strøymde til for å oppleva Gloria sine mjuke hender og den nye klippemaskina ho fekk til 40-årsdagen.

Men onsdag føremiddag var det slutt på suksessen. Bråket byrja då Glorias gamle rival, ålefiskar emeritus Leif O. Nielsen, sette frå seg sin Tempo Corvette utanfor frisørsalongen utan å ta av seg hjelmen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg hadde ein kunde i stolen og avbraut klippinga med ein gong eg såg at Leif´en var på veg inn i salongen med hjelmen på. Eg er ikkje prippen av meg, men ein stad går grensa. Eg vil ikkje ha folk med hjelm innanfor dørene mine, seier den nye frisøren i samtale med Krykkjebakkposten.

– Kva er problemet med ein mopedhjelm?

– Problemet? Er du heilt pling i den hårete bollen din, eller?

– Ja, kva er problemet med at nokon tek hjelmen med inn i salongen?

– Tek hjelmen med? Han hadde den jo på seg! På hovudet.

– Og kva er problemet med det?

– Problemet ? Ein kan jo ikkje klippa folk som har hjelm på hovudet!

– Men trur du ikkje kunden hadde tenkt å ta av hjelmen før du skulle klippa han?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det spurde eg ikkje om.

– Er du redd for hjelmar?

– Litt kanskje. Eg hadde ein hjelm ein gong. Eg fekk han på, men ikkje av. Snøremekanismen gjekk i vranga.

– Kva gjorde du då?

– Eg gjekk med hjelm i fjorten dagar. Til slutt smelte eg hovudet så hardt i garasjeveggen at hjelmen kløyvdest.

Hjelmen vart stolen

Leif O. Nielsen seier - overraskande nok - at han har forståing for dei kjenslemessige sidene ved saka.

– Men eg er berre eit menneske, eg og. Det er ikkje berre Gloria som skal respekterast for sine traumer.

– Har du også traumer knytta til bruk av hjelm?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ikkje berre til bruk av hjelm. Kombinasjonen hjelm og frisørsalong er eit av mine svake punkt, seier Leif O. Nielsen og fortel om den gongen han køyrde heilt til byen for å klippa seg.

– Eg la hjelmen att på moped­setet, og då eg kom ut att frå salong­en, var hjelmen vekke.

– Når var dette?

– 14. september 1976, klokka 11.32. Det er altså ganske nøyaktig 40 år sidan. Då skjønar du kanskje at det bryt på djupt vatn for meg og.

Lukt av gris?

Primvald Krykkjebakk d.y., hobbyjurist og lokal ekspert på konflikthandtering, ser mørkt på situasjonen. Det er første gongen han har vore borti ein situasjon der både frisør og kunde har eit nærmast traumatisk forhold til mopedhjelmar.

– Eg ser inga anna løysing enn at partane tek saka til retten. Det er slikt me har domstolar til, seier Krykkjebakk, som nyleg tok brevkurs i paragraf 2 i nabolova.

– Kan denne paragrafen koma til anvending i denne saka?

– Det spørst om hjelmen lukta dårleg. Paragraf 2 i nabolova seier mellom anna at ein ikkje kan spreia griselukt inn på annan manns eigedom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Griselukt?

– Kan det til dømes godtjerast at Leif O. Nielsen sin hjelm har vore i kontakt med minigrisoppdrattar Lillemor Lampe sine minigrisar, har frisøren ei god sak, påpeikar hobbyjurist Primvald Krykkjebakk d.y.