Krykkjebakkdalen vil ut av Krykkjebakksundet

Vil stansa nytt ­byggjefelt og krev fri marknads­tilgang på geitost – utan konkurranse frå andre ostetypar.

Kravet om Kryxit kjem berre tre månader etter Brexit, og geitebonde Klauvleif Smørklepp ­(biletet) legg ikkje skjul på kvar han fekk ideen.

– Kan britane bryta ut av EU, må Krykkjebakkdalen klara å kvitta seg med byråkratiet nede i Krykkjebakksundet, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Misnøgde bønder

Kravet om utmelding og dermed oppretting av eigen kommune for Krykkjebakkdalen og Krykkjebakknuten har sitt opphav i misnøya som har utvikla seg mellom dei fire geitebøndene i Krykkjebakkdalen. Sjølv om bøndene er djupt splitta grunna usemje om formen på geitostane, står dei saman i frustrasjon over kor vanskeleg det er blitt å selja geitost i resten av kommunen.

Hatar geitost

– Situasjonen har forverra seg etter at Bergliot Gaukhei blei ordførar. Ho hatar geitost og spreier hatet sitt til resten av kommunen, seier Smørklepp.

– Er det tilfeldig at handelslaget har begynt å selja andre typar ost etter at Gaukhei blei ordførar? spør geitebonden og syner til at kommunen eig 51 prosent av aksjane i handelslaget.

– Men er det ikkje rimeleg at ein moderne daglegvareforretning sel andre typar ost enn geitost? Kvitost, brunost og gamalost til dømes?

Geitebonden parerer spørs­målet med eit motspørsmål:

– Er det rimeleg at eit kommunestyre raserer næringsvegen til eit heilt bygdelag berre fordi folk ikkje kan tåla stanken av geitost?

Omstridd byggjefelt

I Krykkjebakkdalen er det også misnøye med at kommunen har regulert eit større område i dalen til bustadformål. Eit firma frå byen har lagt ut for sal byggjeklare tomter i det som går under varemerket Krykkjebakkdalen terrasse.

– Me treng meir plass til geitene våre, ikkje meir folk med allslags merkelege idear som dei har tenkt å putta inn i hovudet på ungane våre, seier Klauvleif Smørklepp, som varslar folkeavrøysting om Kryxit i næraste framtid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.