EINSAMT TOG: Framstein Famlebust viste si misnøye med det nasjonsnøytrale 17. mai-arrangementet i Krykkjebakksundet. Før han kom over dei uheldige i det nasjonsnøytrale toget som hadde havna i kloakken, gjekk han for seg sjølv langs den vanlege ruta og spelte mellom anna «Gud signe vårt dyre fedreland» på munnspel.

Frigjorde 17. mai-tog frå kloakken

– Eg gjorde berre det ein kvar fornuftig patriot ville gjort, eg lo meg skakk forderva, seier redningmannen som altså også redda 17. mai-toget.

BOIKOTTAR VEGGFESTE: Det gjekk ikkje så bra på første forsøk, men etter litt prøving og feiling fekk Frida Finckeldrejer tv-skjermen opp på veggen. Foto: Stein E. Nyfjolling

Det gjekk gale då eit nasjonsnøytralt tog gjekk rett i bygdas septiktank under ein feilnavigering. Eit alternativt tog måtte gripa til skjærebrennar for å fjerna ein fastkilt tuba frå opninga og slik frigjera eit lettare rysta og svært illeluktande skulekorps.

– Det som er viktig no er at vi ikkje lar dette setja oss attende til det førre århundret. Nasjonsnøytrale tog på 17. mai er eit folkekrav, og det er komen for å bli, seier formann i innvandrings- og integreringskomitéen i kommunestyret, Lillemor Lampe.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

GPS tok feil

Som ein del av den nasjonsnøytrale feiringa vart ruta for årets 17. mai-tog som kjent lagt om, for å ta fullstendig avstand frå tidlegare nasjonalistiske og triumfalistiske tog. Den dampdrevne GPS-peikaren til Leif O. Nielsen hadde stukke ut ruta, som diverre med ein glipp inkluderte ei kryssing av Septiktankvegen 1. Som kjent er dette bygdas kloakktank, som har lagt utildekka sidan nevnte Nielsen sprengte han i lufta i eit forsøk på å selga klimakvoter til Kina. Idet faneførarane innsåg at dei var på veg ned i ulukka var det for seint.

I etterkant av den dramatiske hendinga gjekk mistanken i retning av GPS-designar og mopedreparatør Leif O. Nielsen, som passande nok var sjuk denne dagen. Mannen har som kjent aldri vore sjukmeldt i sin karriere, med unntak av ein ADHD-diagnose seint på 90-tallet.

– Kva har du å sei til mistankane, Nielsen? Har du plotta inn feil rute med vilje?

– Eg er uskuldig.

– Men du har vore kritisk til ­toget?

– Jau, men det skulle då berre mangle. Nokon ville nok no nytta høvet til å seie at klokakktanken var einaste rette endestasjon for dette nasjonsnøytrale stuntet, og at sjølv om korpset kom seg opp at, bør sjølve idéen bli liggande att. Men slik hovering tek eg avstand frå, svarar Nielsen.

Hekta på tuba

Den einaste som kom frå denne 17. Mai med kvitskjorta i behald var tubaist og sistemann Asbjørn Roger Skuggebergdal. Han var snartenkt nok til å setja tubaen foran seg i det han fall. Bakdelen var at han hekta høgrearmen i tubaen, som i sin tur vart sitjande fast i kloakkopninga. Det innebar at heile 17. Mai-toget vart sitjande fast i tanken inntil naudetaten kom til staden.

Naudetaten bestod i dette høvet av Framstein Famlebust, ein av to i bygda som hadde teke dissens frå det nasjonsnøytrale toget. Han gjekk langs den gamle ruta, medan han spelte nasjonalhymne og bedehussongar på munnspelet sitt. Det gjorde at han rakk å frigjere Skuggebergdal og det nasjonsnøytrale 17. mai-toget, rett nok etter dei 5-10 minuttane det tok for han å slutta å le.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kva tenkjer du om at det ­nasjonsnøytrale 17. mai-toget endte opp i septiktanken?

– Eg har no forsåvidt sagt mi meining om dette toget.

– Så du har ikkje nokon kommentar om korleis dette gjekk?

– Sjølvsagt har eg det. Dette syner berre korleis det går når vi for ein kvar pris skal gå nye stiar. Eg tenkjer at vi no må ta nokre steg tilbake.

– Kva foreslår du?

– Først må vi gjeninnføre statskyrkja og gjere om på paragraf 2 i Grunnlova. Dernest må vi få ellipsemodellen i funksjon i bygda att, og setja Calmeyergatelinja på pensum frå første klasse i grunnskulen.

– Det er alt?

– Det er no ein start, som eg trur vil ordna opp i mykje ugreier i samfunnet vårt, seier den tidlegare bedehushøvdingen og forlagssjefen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Intens øving før nasjonsnøytral 17. mai-feiring
Les også
Unngjekk mistillit – trekte seg frivillig
Les også
Kraftig verdifall for lokal kryptovaluta
Les også
Sokneprest advarer mot yoga
Les også
Ny flyktningkrise under oppseiling