TURISTAR: Fergekaien har i løpet av streiken blitt ein attraksjon for tyske bubil- og campingturistar. Ferja vert nytta som badeplattform og lokale for ulike arrangement.

Fergestreiken er over

Den lengevarande fergestreiken i kommunen vart avblåst tysdag. – Vi er glad for den lange streiken, og ikkje minst at han er over, seier fergemannskap og kaptein.

BOIKOTTAR VEGGFESTE: Det gjekk ikkje så bra på første forsøk, men etter litt prøving og feiling fekk Frida Finckeldrejer tv-skjermen opp på veggen. Foto: Stein E. Nyfjolling

Så vidt redaksjonen kjenner til er fergestreiken den lengstvarande streiken i Krykkjebakkens historie. Store kampar som flanellografstriden i søndagsskulen og fjorårets busstreik varte lenge, men ingen av dei kan måla seg med fergestreiken.

Så lenge har streiken vart at i mellomtida er ruta lagd ned, ferga gått i opplag og arbeidarane for lengst gått av med pensjon, eller har skaffa seg andre ting å gjera på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Skilnaden vert vel at vi slepp å gå i raud streikevest, seier fergebillettør Simon Kvistklepp. Då streiken starta var han ungdomsskuleelev, no driv han ei vellukka IT-bedrift frå toppen av styrhuset på ferga.

Alkolås

Streiken starta då kommune­legen i 2003 foreslo krav om alkolås på fergene. Det fekk kaptein Styrvald Fendersen til å setja foten ned. «Utidig overstyring», «Grunnlaust og mistenkeliggjerande», «Moralpoliti» var innvendingane.

Dette trass i at kommunelegens forslag kom etter den sjette grunnstøytinga på ein knapp månad. Eit samla kommunestyre støtta kommunelegens forslag, og dermed var streiken eit faktum.

– Ein må hugse at på den tida var ferga viktig for å koma seg til byn. Dei fleste kommunestyrerepresentanane, om ikkje alle, hadde på eit eller anna tidspunkt vore med på å krasja i kaien eller gå på grunna ein eller annan stad langs leia. Nokre kunne også fortelja at Fendersen ved enkelte tilfelle hadde lagt til ved heimegarden for å kvila middag, medan ferga var i rute.

Blomstrande samfunn

No er både streiken og kravet ein saga blott, og miljøet rundt og i ferga har blomstra under streiken. I tillegg til Kvistklepps IT-bedrift har nokre av arbeidarane spedd på den etter kvart nokså tynne streikelønna med å leige ut ferga til ulike tilstelningar.

Mellom anna husa dei Frida Finckeldrejers tradisjonsrike høstutstilling. Denne vart som kjent kasta ut av kulturhuset etter at ho fekk overrislingsanlegget til å gå av under eit pyroteknisk show.

– Denne streiken er vel det beste som har hendt oss. Den har gjeve oss ein god alderdom og har ført til at folket innser at dei ikkje treng ferga, seier Fendersen.

Streikestreik

Likevel er det ei gruppe som reagerer sterkt på at streiken er over.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Denne streiken er sjølve livsgrunnlaget for samfunnet vårt og vi kan ikkje tillate at den tar slutt, seier Wolfgang Krank, ein av dei tyske bobilturistane som etter streiken har etablert seg med fast bustad på fergekaien i løpet av dei snart 15 åra streiken har vart ved.

Eit år etter at streiken starta hadde allereie fleire bubilturistar slått seg ned og utvikla eit lite samfunn ytst på fergekaien. Dei har trykka Goatcoin-valutaen til sitt bryst og eksperimenterer med ulike kombinasjonar av tysk pølse og vellagra geitost frå Krykkjebakkdalen.

No har bubilturistane organisert seg og trugar no med streik om ikkje streiken vert teken opp att.

– Vi er villige til å streika lenge, seier Krank som har vorte ein slags leiar for dei tyske turistane som er ramma av streikeslutt.

– Korleis vil streiken gå føre seg?

– Så langt har vi ikkje kome i planlegginga. Men vi ser for oss at utstrakt bruk av klingande tysk i kvardagslege situasjoner kanskje kan gjera noko med streikelysta i bygda, seier Krank.

Les også
Intens øving før nasjonsnøytral 17. mai-feiring
Les også
Sokneprest advarer mot yoga
Les også
Unngjekk mistillit – trekte seg frivillig
Les også
Kraftig verdifall for lokal kryptovaluta
Les også
Frigjorde 17. mai-tog frå kloakken