Bodfirma optimistisk til posttjenester på anbod

Jobben med levering av pakkar 
i Krykkjebakken vert lagt ut på anbod. – Vi vil nok stikka av med det beste bodet igjen, seier eksisterande leverandør.

Som lesarane vil vita, har bodfirmaet «Nielsens harde bod» vore fast utkøyrar for både Handelslaget og Posten i Krykkjebakksundet.

Leif O. Nielsen har med sin kjennskap til lokalgeografi og sosiologi kunna levert pakkar med svært stor treffprosent. Til dømes tinga Asbjørn Roger Skuggjebergdal ny girkasse til sin Ford Granada Mark II, som Nielsen returnerte til verkstaden utan å rådslå med kjøparen sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Han hadde tinga ei fire trinns girkasse med automatkløtsj, mens bilen hans har ei femtrinns girkasse. Eg ser ikkje heilt poenget med å ta turen opp i Skuggjebergdalen og levere kassa berre for at han skal bruka timar på å finne ut feiltrinnet, sa Nielsen den gong.

– Mannen er eit geni. Eg vil nær sagt gå så langt som å sei at han redda ekteskapet vårt den gongen, seier Skuggebergdal til Krykkjebakkposten.

Humor

Andre har klaga på Nielsens bodfirma, fordi dei meiner at mannen kjenner både kundane og innhaldet i pakken litt for godt. Kombinert med Nielsens noko grovkorna humor har det ført til at ordførar Bergljot Gaukhei vil ha inn andre aktørar. Gaukhei hadde tinga abonnement på Krill og selolje for å motvirke vintermørket, samt eit middel mot inkontinens. Sistnemnde var av naturlege grunnar pakka med stor diskresjon. Det stansa ikkje Nielsen.

– Alle som leverer post veit vel at dess meir diskret pakkane er, dess artigare er det å sjekka innhaldet, seier bodet.

Då Nielsen bytta ut den sunne olja med totaktsolje og inkontinens-middelet med eit sengebekken, og leverte pakken under eit kommunestyremøte, var begeret fullt for Gaukhei. No har ho lyst ut anbodskonkurranse på levering av pakkar i kommunen.

Gratis

Vi møtte Nielsen utanfor ­Handelslaget i det han er i ferd med å legge dei siste pakkane på bodmopeden sin. Han tek konkurransen med fatning og kjenner seg sikker på at han vil vinna anbodet.

– Kven i all verden skal gidde å levere ut pakkar gratis, spør han då Krykkjebakkposten konfronterer han med endringa.

– Gjer du det gratis?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ja.

– Kvifor det?

– Berre på moro, glisar Nielsen før han ler høgt og susar av garde på bodmopeden sin.