Tar Jesus til teaterscena

Med musikk og humor skal Bjørn Eidsvåg (62) ta med teaterpublikummet på ei reise der han prøver å finne ut kven Jesus eigentleg er.

På scena tilDet Norske Teatret har det dei siste vekene vore prøver påEidsvågs stykke «Etterlyst: Jesus». Premiera er i slutten av august.

– Vi har funne forma på framsyninga no. No liknar det snart eit teaterstykke, seier ein entusiastisk Eidsvåg, som har brukt den siste veka til å finpusse manus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eidsvåg stortrivast med å jobbe i teateret og seier at han allereie har begynt å tenkje på kva neste stykke skal handle om. Men først er det koden Jesus som skal knekkast.

Tøffare enn Tarzan

Då Eidsvåg var liten gut heime i bedehusmiljøet i Sauda var Jesus den store helten. Han var tøffare enn Tarzan. I ungdomstida blei Jesus mykje strengare. I studietida i Oslo møtte Bjørn Eidsvåg ein annan og mykje kulare Jesus enn den han kjende frå Sauda.

– Eg heiar framleis på Jesus, seier teologen. Han er utdanna prest og har bala med tvil og tru heile livet.

Det var etter å ha sett musikalen «Book of Mormons» i New York at ideen oppstod om å lage teater.

– Eg sat og lo av den svært merkelege historia mormonane har bygd trua si på. Men så det gjekk det opp for meg at eg også sat og lo av min eigen oppvekst og bakgrunn. Eg har brukt eit heilt liv på å komme til rette med kva eg trur på og finne ut om det er noko haldbart i det. Så tenkte eg at no er det kanskje på tide å skrive eit stykke om vandringa mi med Jesus. Eg har opplevd ganske mange ting det er verdt å le av, fleire variantar på korleis Jesus er blitt framstilt, seier Eidsvåg.

Klokare fyr

For halvtanna år sidan presenterte han ideen for Erik Ulfsby, sjefen for Det Norske Teatret, som meinte det var ein både morosam og god idé. Dermed gjekk Eidsvåg i gang med førebuingane til teaterstykket.

– Eg er teolog, men har store hol. Då Erik sa ja, sette eg i gang med studiar att, gjekk i djupna. Eg synest eg har komme ut av det som ein klokare fyr, og har funne ein Jesus eg kan heie på og som har relevans, seier Eidsvåg.

Med seg på scena har han skodespelarSvein Tindberg som dei siste 20 åra har arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. Framsyninga han har gjort aleine, «Abrahams barn», om det store opphavet til dei store verdsregionane, er no sett av nesten 100.000 menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er veldig gøy å jobbe med Svein. Eg har kjent han i nokre år og har vore veldig påverka av det han har gjort. Vi kjem frå to heilt ulike bakgrunnar. Han har ein liberal og frittenkjande bakgrunn med teaterforeldre. Eg har ein bakgrunn i den konservative bedehusrørsla på Vestlandet, seier Eidsvåg.

Han har skrive nye songar til framsyninga, men vi får og høyre att kjende Eidsvåg-songar. Med seg på scena har han det faste bandet sitt.

– Svein er skodespelaren. Han er vekkingspredikanten på bedehuset, han er den teologiske læraren, han les alle tekstane. Men han er også med og spelar gitar, seier Eidsvåg.

Nervøs

Bjørn Eidsvåg er ein bauta i norsk musikkliv, men no er han nervøs.

– Dette er stort, så eg er ganske nervøs. Eg har jo stått på scena før, men her skal eg spele saman med Svein. Han kan jo alt dette og grusar meg på ei teaterscene. Eg må prøve å finne ut korleis eg kan få grust han slik at dynamikken mellom oss blir jamn. Eg må gjere det eg kan på ei scene – syngje, men også fortelje. Og eg må gjere det på min måte, utan manus, seier Eidsvåg.