– Jesus er turleiaren vår

«Tru på tur» er temaet når Normisjon og KRIK går saman om å lage friluftsfestival for familien.

Leiren vert arrangert på Nordfjord folkehøgskule, på Vereide i Sogn og Fjordane.

– Eg jobbar i Normisjon, og kona mi er rektor på folkehøgskulen. Vi snakka saman om at det ville vore kjekt å stelle i stand festival her i Nordfjord. Samstundes tenkte Ingrid Bøylestad Landa i KRIK at friluftslivleir kunne vere ei god utviding av deira leirtilbodet for familiar, seier Vegard Tennebø, felleskapsutviklar for Normisjon i Sogn og Fjordane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Allereie i fjor vart det arrangert ein prøveleir, der rundt 60 personar var med.

– Vi fekk gode tilbakemeldingar frå dei som var involverte. I etterkant følte vi at vi hadde røynsler og nok kjøt på beina til å lansere treffet i år. I starten ville vi byrje i det små, seier han.

Fullt på få dagar

Å forsikre seg om at leiren held ein viss standard, både på kvalitet og tryggleik, er viktig, ifølgje Tennebø.

– Derfor har vi sett eit maks tal på personar vi kan ha med, som i år vert 180 stykk.

Desse plassane vart allereie fylte i laupet av få dagar. Tanken deira er å ta med røynsler vidare, slik at dei igjen kan utvide til neste år.

– Verdas finaste altertavle

Under leiren vert deltakarane delte inn i grupper, som rullerer på å gå tre ulike turar. Før turane samlast gruppene for å bli kjente med turane dei skal gå.

– Vi har prøvd å leggje oss på eit fleksibelt nivå. Til dømes har vi lagt til rette for både korte og lange klatreturar. Det er ikkje noko krav om å prestere. Fellesskapen er det folk legg vekt på.

I fjor var dei såpass få til at alle fekk plass i éi turgruppe. Då gjekk dei opp til Breimsvatnet, som vart brukt til base resten av opphaldet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tru på tur

I år startar leiren med storsamling for familiane, etterfylgd av bibeltimar for aldersbestemte grupper. Eit lokalt lag frå Normisjon stiller med leiarar. På kveldane vert det to »stovemøte» i internatstovene på folkehøgskuen. Temaet for leiren er «tru på tur».

– Liv og tru er ikkje statisk, men noko som er i rørsle så lenge ein lev. Det er tanken bak temaet «tru på tur». Jesus er vår turleiar, der målet for turen er Han sin misjon.

Dei skal snakke meir om «tru på tur» i ei familielivsorientert setting.

– No som trusopplæringa i skulen er svekt, er det viktig for born si trusutvikling å møte truspraksis i heimen. Men vi vil også vere innom tema som handlar om det å vere til stades som kristen i arbeidslivet.

Under stovemøta er dei samla i mindre grupper, noko dei opplevde suksess med i fjor.

– Det var godt å vere samla til samtale og bøn. Vi vil halde fram med dette, og take vare på den vesle fellesskapen i den store.

– Og så har vi kveldssamlingar i gymsalen; kreativt kalla gymsalsmøte, seier han og ler. – Ting kjem til å verte meir og meir konseptualisert etter kvart, men utgangspunktet vårt er noko vi har stor tru på.

Samarbeid

Det som skiljer denne leiren frå andre KRIK–stemner, er friluftslivaspektet og samarbeidet mellom KRIK og Normisjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi er naturlege samarbeidspartnarar. Fleire KRIK–folk går i Normisjon sine forsamlingar rundt omkring i landet.

– Det som skjer på leiren; kva har det å seie for deg elles i året?

– Å gå inn i hausten med gode minner saman som familie.