Korleis skaffe ungdomsleiarar i kyrkjelyden?

Vaksne må jobbe kveld og skal på hytta i helga. Korleis skal ein då skaffe ungdomsleiarar i kyrkjelyden?

Tida der mor og far følgde til barnekoret og sat med dei på fanget er over. No er dei tenåringar som helst vil gå på aktivitetar utan foreldra. Og foreldra skal jobbe kveld og skal på hytta i helga. Korleis skal ein få vaksne til å vere med i ungdomsarbeid?

Spør konkret

Frivillighetskoordinator og ungdomsarbeidar Inger-Johanne Haugland i Os kyrkjelyd treng stadig å skaffe nye leiarar til TenSing og anna ungdomsarbeid. Nyleg var ho på fagdag i regi avBjørgvin bispedøme ogNLA Høgskulen om ungdomsarbeid for å få idear og innspel til kvardagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho opplever at det er ganske enkelt å motivere eldre over 60 år til å stille opp som frivillige.

– Dei vil bidra til arbeid i Guds rike. Det gjev dei meining å bidra frivillig inn i arbeidet dei synest er så viktig.

– Korleis rekrutterer du ein 40-åring?

– Det er det som er mest krevjande, men eg brukar å spørje om dei kan bidra med konkrete oppgåver. Kyrkjekaffien er ein viktig arena der vi treff konfirmantforeldre og andre som vi kan spørje om oppgåver, seier Haugland.

– Kva er utfordringane med å rekruttere til ungdomsarbeid?

– Utfordringa er å få folk til å stille på kveldstid. Dei kvir seg til å gå ut av komfortsona. Dei er slitne og jobbar kveld og helg. Men det er einskilde som verkeleg stiller mykje opp. Det som motiverer folk til å seie ja, er at dei ser at det er reelt bruk for dei.

Gjekk i lås

FørsteamanuensisBård Eirik Hallesby Norheim ved NLA Høgskulen lover ikkje gull og grøne skogar når han presenterer forsking om frivillige.

– Det er vanskeleg og viktig å rekruttere, seier Hallesby Norheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han fortalte om ein e-post sendt ut til alle i idrettslaget om at det var ledige plassar i styret. Responsen var laber. Seinare kom det ny e-post med tittelen: «Skuffende tilbakemelding på forespørsel om å bli med i styret».

– Dei som ikkje allereie var i lås, gjekk iallfall i lås då, seier Norheim og gjev rådet: Du må gjere deg attraktiv. Dei som rekrutterer frivillige må vekkje begeistring og begjær.

Hallesby Norheim viser til undersøkingar som har kartlagt kva som er motivasjonen hos frivillige, enten det er idrettslag, kyrkje eller andre frivillige aktivitetar. Dei har funne seks grunnar til at folk brukar fritida si på frivillig arbeid (sjå faktaboks).

– Måten vi rekrutterer på avslører kva arbeidet handlar om. Då må vi spørje om kvifor driv vi eigentleg med kristent ungdomsarbeid, seier Hallesby Norheim.

Ikkje eigen kultur

Han avviser at ein må kunne kodane og kulturen for å vere ungdomsleiarar.

– I Noreg i dag fins ikkje ein eigen ungdomskultur. Dei unge vil vere med dei vaksne, for dei har så mange felles verdiar. Kvifor skal vi då ha eige ungdomsarbeid? Jo, fordi eit av menneskets vanskelegaste oppgåver er å bli vaksne.

Han peiker på at det er tre ting kristent ungdomsarbeid inviterer til: At ungdomar blir sett og får bruke evnene sine. At ein tek på alvor at ein lever «under syndens og dødens alvor». For det tredje kristent ungdomsarbeid handlar om oppstoda.

– Det handlar om å frimodig forkynne det Jesus har gjort for oss, håpet vi lever av og lengtar etter, seier Hallesby Norheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frykta ungdomar

BiskopHalvor Nordhaug vedgår på fagdagen at han sjølv som konfirmantprest var redd i møte med ein gjeng 15-åringar. Men han avdramatiserer frykta.

– Ungdomar er opne. Dei har ikkje fordomar mot kyrkja slik dei hadde då eg var ung. Det er ei gåve, seier biskopen.

«Det viktigaste og vanskelegaste arbeidet i kyrkja», seier Nordhaug om ungdomsarbeid.

– Det som er viktigast for ungdomane er vennskap. Vårt mål er å fortelje at Jesus er ven for livet.

Før 21 år

– Vi har ein jobb å gjere, seier Mike Pilavacchi frå rørsla Soul Survivor i den anglikanske kyrkja i England. Han minner deltakarane på NLA om at dei fleste kristne kjem til tru før dei er 21 år.

I ungdomsarbeidet han starta i kyrkjelyden i byen Watford mislukkast han så lenge han sjølv forsøkte å lage flotte opplegg for ungdomane. Då han inviterte dei til å ta ansvar sjølve og bli kjent med dei, vaks arbeidet kraftig.

– Det nyttar ikkje å underhalde dei. Dei leitar etter autentiske relasjonar og ungdomsleiarar og pastorar som er ekte og sårbare. Dei vil ha leiarar som kan seie «Eg har ikkje alle svar. Eg strevar med livet av og til. Til tider tviler eg».

«What??»

Heilt ferske tal frå Bjørgvin bispedøme viser at fleire vel å konfirmere seg i kyrkja. I fjor vart 73 prosent av alle 15-åringar konfirmert i bispedømet, ein prosent fleire enn året før, opplyste undervisningsrådgjevar Torfinn Wang frå bispedømet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det fekk Mike Pilavachi til å heve augebryna.

– What?? Kva? Får de 73 prosent av 15-åringar til konfirmasjon i 10 månader? Wow! Elsk dei. Elsk dei!

Bake kaker

Inger-Johanne Haugland frå kyrkja på Os har gjennom fagdagen notert seg tips.

– Eg har lært å tenkje strukturert, seier Haugland og tek fram oversikten over kva som motiverer folk. Ho er oppteken av at ein må spørje dei rette folka om oppgåver:

– Vi må bruke folk der dei høyrer heime. Du kan ikkje sette ord-menneske til å koke kaffi og bake kaker.

Nytt spørsmål

Det viktigaste endringa skreiv Haugland ned på eit papir. No skal ho spørje vaksne på ein annan måte når ho ber dei stille opp i ungdomsarbeidet.

– Eg skal spørje: Har de hjarte for unge menneske?