Ei historie om kreft

Svært mange møter kreft, anten i eige liv eller som pårørande. Dei fleste får med det ei historie om kreft knytt til livet sitt. Slike historier er individuelle, men det vil alltid vera noko som er felles.

Anmeldt:

Hilde Sophie Plau:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå er det min tur

Humanist forlag, 2017

Innbundet, 218 sider

 

Denne bok er ei personleg historie om kreft frå ei som vart ramma då ho var midt i 60-åra. Det startar med ei gravferd, der kreft var dødsårsaka, og der forfattaren av boka på den tida oppdaga ein klump i brystet. Etter det går det slag i slag, med undersøkingar og diverse behandlingar. Det er ut og inn av sjukehus, og det er kontakt med eit utal av folk i helsevesenet. Det endar med kirurgisk behandling og nytt bryst.

Kjenna mykje att

Den som har vore gjennom ei tilsvarande historie, eller som har fylgt ein i familien gjennom eit slikt hendingsforløp, vil kjenna mykje att. Det gjeld også om utgangen på krefthistoria vart døden. Attkjenninga går både på det som gjeld sjølve sjukdomen og det psykiske i den samanhengen, og det som gjeld møtet med sjukehuset og behandlinga. Det gjeld det reint medisinske, men også slikt som vert sagt eller ikkje vert sagt av helsepersonell – og av andre. Det gjeld ikkje minst det utrygge og spenningsfylte ein opplever gjennom sjukdoms- og behandlingstida.

Flink med ord

Hilde Sophie Plau er skodespelar, forfattar og omsetjar. Det merkast godt på boka. Plau kan skriva, og ho er flink med ord. Litterært overgår difor boka det meste av denne typen litteratur, og ho er difor både språkleg og innhaldsmessig engasjerande. Boka er på det allmenne planet. Framstillinga er ikkje prega av personleg gudstru, men heller ikkje negativ til kristen tru –det er på ein fin måte sitert ei påskesalme som faren song.

Boka har litterære kvalitetar, og eg trur mange som møter kreft, vil kjenna seg at i store delar av denne historia, og med det få hjelp i eigen livssituasjon.