Annonse

KVINNA: – Lækjaren har ikkje ansvar for det kvinna bestemmer seg for, seier turnuslege Karen Rebbestad. Ho støttar prinsippet om at lækjarar skal ha rett til å reservere seg mot å henvise til abort, men har ikkje reservert seg sjølv. (Foto: Tarjei Gilje)
KVINNA: – Lækjaren har ikkje ansvar for det kvinna bestemmer seg for, seier turnuslege Karen Rebbestad. Ho støttar prinsippet om at lækjarar skal ha rett til å reservere seg mot å henvise til abort, men har ikkje reservert seg sjølv. (Foto: Tarjei Gilje)
Dropper å reservere seg
Karen Rebbestad er abortmotstandar, men vil ikkje bruke reservasjonsretten. – Eg ynskjer å ha samtaler med abortsøkjande kvinner, seier turnuslækjaren.

Rebbe­stad er i tur­nus­te­nes­te på all­menn­lege­kon­tor i Fos­na­våg på Sunn­mø­re. Dei siste må­na­da­ne har ho følgd de­bat­ten om fast­læk­ja­rar som yns­kjer å re­ser­ve­re seg mot å hen­vi­se til abort. Ho har lytta til dei pro­fi­ler­te for­kjem­pa­ra­ne for sam­vits­fri­dom, Eilif Haa­land og Gun­hild Felde.

Ho støt­tar kam­pen deira til re­ser­va­sjon fullt ut og har sig­nert opp­rop for re­ser­va­sjons­rett. Men sjølv har ho kome til ein kon­klu­sjon om ikkje å re­ser­ve­re seg.

– Eg har føre­budd meg men­talt på å få ei hen­vi­sing. Det er ikkje noko eg ser på med glede, men eg har be­stemt meg for å gjere det, seier Rebbe­stad til Dagen.

– Kvin­na sitt val

Ho tek dok­tor­grad innan in­fek­sjons­me­di­sin ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen, men har no per­mi­sjon for å ha tur­nus­te­nes­te. Der er ho både på all­menn­lege­kon­tor og helse­sta­sjon for unge på Sunn­mø­re. Til no har ho ikkje kome i ein si­tua­sjon der ho har hen­vist gra­vi­de kvin­ner til abort, men ho har tenkt nøye gjen­nom at ho ikkje vil re­ser­ve­re seg.

– Der­som ei kvin­ne kjem til meg og har be­stemt seg for å ta abort, vil det ikkje vere eg som til­rår henne å gjere det. Det er noko ho sjølv har be­stemt. Fordi kvin­na kjem til meg med eit val ho sjølv har teke, er det hen­nar pro­sess. Ja, eg kjem til å sig­ne­re pa­pira, men eg ser ikkje på meg sjølv om eit ledd i døds­pro­ses­sen, seier Rebbe­stad.

– Kva med dei til­fel­la der kvin­na ikkje har be­stemt seg før ho kjem til deg?

– Då eg er glad for at eg skal få ha sam­ta­len med henne. Då vil eg i størst mo­ge­leg grad vere ein nøy­tral part, men eg vil prøve å få henne til å re­flek­te­re over for­de­ler og ulem­per ved abort. Eg vil aldri seie at «no til­rår eg abort». Men eg kan seie at «ut frå det du seier, ser eg at du yns­kjer abort».

Drøf­te og ten­kje

– Vil det vere vans­ke­leg for deg å sig­ne­re hen­vi­sin­ga?

– Nei. Men til sju­an­de og sist må det vere eit val ho har teke sjølv. Andre læk­ja­rar eg har snak­ka med, for­tel at dei går gjen­nom ar­gu­ment for og mot med pa­si­en­ten. Der­et­ter set dei opp ein ny time etter ei veke slik at ho kan få ten­kje over det.

Ikkje dår­leg sam­vit

Den frems­te for­kjem­pa­ren for fast­le­gars re­ser­va­sjons­rett, Eilif Haa­land, vekt­legg at ein læk­jar som hen­vi­ser ei kvin­ne til abort, deler in­ten­sjo­nen hen­nar. Slik opp­le­ver ikkje Rebbe­stad det.

– Eg kan ikkje seie at han ikkje ville ha dår­leg sam­vit for å sig­ne­re ei hen­vi­sing, for det har han. Men eg sy­nest ikkje læk­ja­ren har an­svar for det kvin­na be­stem­mer seg for.

Ho er opp­gitt over ar­gu­ment om at mot­stan­da­rar mot re­ser­va­sjons­rett er uro­le­ge for at ret­ten skal ut­ar­te. Blant anna er blog­gar og re­ser­va­sjons­mot­stan­dar Su­san­ne Kaluza uro­leg for at læk­ja­rar kan re­ser­ve­re seg mot å hand­helse på kvin­ne­le­ge pa­si­en­tar.

– Ret­ten til å re­ser­ve­re seg må dreie seg om liv og død, seier ho.

DAGEN

Siste nytt: